Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

 

Fotballmanagerspel

Managerspel er ein type spel der du har rolla som manager av eit idrettslag. Du er kan hende ein fotballmanager, handballtrenar - det finst mange typar idrettar tilgjengelege, sjølv om fotball er den mest populære.

Det mest populære managerspelet i verda på verdsveven

Det mest populære fotballmanagerspelet som finst er Hattrick. Me har fleire hundretusen med aktive, menneskelege managerar.

I Hattrick er det du som fungerer som eigar og manager av fotballaget ditt. Det vil seie at det er du som tek alle avgjerslene om trening, speiding og handlingar på overgangsmarknaden - og sjølvsagt taktiske disposisjonar før og under kampane dine. Målet er å byggja opp klubben din og laget, slå motstandarane, og gjera framskritt gjennom seriesystemet kor alle dei andre laga òg vert kontrollert av menneskelege brukarar.

Det er alltid gratis å spela Hattrick

Hattrick er eit gratis managerspel. Det vil aldri kosta deg noko pengar for å starta eller å eige laget ditt, og me vil aldri ta betalt for å gje deg føremon i spelet. Det er likevel mogleg å oppgradera kontoen din til å bli ein Hattrick Supporter, noko som gjev deg ekstra verkty til analyse, for å skreddarsy laget ditt, og for samhandling med andre managerar.
 
Server 087